mandag 31. januar 2011

Skred kurs

Måndag 24/01 – Torsdag 27/01 var eg på Standalseidet på skred kurs med klassa mi. Vi innlosjerte oss på Standalshytta. Meget bra hytte. Kjøkken med steikeovn, kjøleskap og vaskemaskin. Fellesdusj med Badstue. Mange sengeplassar.

Vi lærte veldig mykje på denne turen. Var eit ganske grundig skred kurs. Vi fekk låne kvar vår skred søkar med skulen som vi fekk teste, Vi hadde også søke stenger og spade med oss.

Eine dagen fekk vi grave ned kvarandre i ei grop og teste korleis det er å ligge under snøen. Eg har opplevd frå før at ei snøhole kollapsa over meg. Og var litt skeptisk til å prøve det igjen. Men eg måtte no prøve uansett. Eg la meg ned i og dei andre kasta cirka én meter med snø over meg. Snøen var ganske tung. Den pressa saman magen min og eg fekk ikkje puste skikkeleg. Eg låg der i 2minutt før eg prøvde å røyse meg opp. Det var tungt, men eg kom meg opp. Dei andre var klare til å grave meg opp.
Før eg la meg ned i gropa tenkte eg på at man burde vere forsiktig når man graver etter folk så man ikkje treffer dem med spada. Men etter å ha låge der tenker eg at viss eg blir tatt av eit skred blir eg veldig glad om nokon treffer meg med ei spade.

Vi skal ha meir om skred utover semesteret når vi skal på fleire turar. Ellers var det ei veldig kjekk veke som vanleg med friluftsliv gjengen. Mange fall på ski, binding som fraus, stav som «knakk». Slik det er på tur :)

Her graver vi ned Asgeir


Her lager vi eit liksom skred som vi brukte til å trene på å finne igjen personar med og uten skredsøkar