lørdag 25. september 2010

Observasjonspraksis med Møre Folkehøgskule

Eg hadde praksis onsdag (22\09) til torsdag (23\09) med Møre Folkehøgskule. Vi skulle eigentlig til Slogen. Men dette vart avlyst pga været. Turen gjekk dermed til fyrtårnet på Runde. Der vi overnatta på ei DNT hytte. 

Eg var der kun for å observere kva ein tur med ei fhs klasse kan vere. Fylgje med på kva læraren sa og korleis han organiserte ting. Det gjekk med veldig mykje tid på å spele kort, som er ganske gøy. Vi hadde også to gode måltid i løpet av onsdagen. Risotto og taco. Er ikkje noko tull når man er på tur.

Var ein kjekke tur. Med mange kjekke folk.  Eg tok faktisk ingen bilde. Men legge ut nokre bilde av ein tur eg hadde dit med Ørsta fotoklubb for vel 2 år sidan. Dette var på våren. Der er ikkje så mange fugla på denne tida av året.
 

fredag 17. september 2010

Høgedalen

Fredag 10.09 var eg og 5 av mine klassekameratar på tur til Stigedalen. Turen var ein del av studiet ved Høgskulen i Volda. Vi skulle gjennomføre ein tur på tre nette, ute i det fri. Vi kunne reise kvar hen vi ville i landet og fann ut at vi ikkje trengte å fare utafor kommunegrensene for å finne idyll.

Vi møtte opp på Kiwi i Volda kl.1700 etter skuleslutt. Der gjekk vi samla rundt Rotevatnet og opp forbi Rotsethornet. Trur ikkje vi gjekk i mykje meir enn ein time før vi kom fram til Høgedalen og Horndalsvatnet. Her fann vi ein leirplass ved eit bål. Vi slo raskt opp telta og fyrte så opp bålet. Klokka var allereie passert ni då eg fann fram kveldsmaten min. Vi åt og gjekk til «sengs».

Laurdags morgon var det litt vått i leiren våra. Det hadde regna mesteparten av natta. Men det hadde heldigvis stoppa då vi sto opp i 10-tida. Vi sov forresten mykje på turen. Er så fantastisk godt å ligge i telt. Så då ligge vi litt ekstra lenge.
Vi brukte mykje tid på å finne ved til bålet våra og ellers halde liv i det. Vi fekk utforska alt som var eit steinkast unna leiren. Var ganske vått alle plassar. Så det var ingen som gjekk på utforsking. Kan ikkje sei at det vart gjort så mykje meir produktivt denne dagen :)

Søndagen gjekk vi ein tur rundt Horndalsvatnet. Sigbjørn fiska. Vi andre fann kantarell som vi steikte seinare. Det vart fyrt i bålet denne dagen også.

Mandags morgon gjekk vi ned at til Kiwi. Og så bar det opp til skulen å levere inn at telta og hende dei på tørk. Va ein fin tur. Vi fekk terpa litt på friluftsliv ferdigheitene våra. Eg har allereie etter få turar med skulen lært mykje nytt. I slutten av året kan eg sikkert sjukt mykje. Og då skal eg flytte ut i villmarka ;) 
 

Telta våra
Gapahuken våra :)
Bålet våra
Dalen våra :)
Her kan dykk sjå kor vi gjekk. Den lisje raude rondingen er der vi telta :)
 

onsdag 15. september 2010

Mitt fyrste blogg innlegg

Då har eg faktisk ein blog up and running. Skal bruke denne sida til å fortelje kva som skjer på skule. Sida det er skule som oppteke mesteparten av tida mi no. Men du skal ikkje sjå vekk i frå at her kjeme opp litt av kvart også. Eg har også ei obligatorisk oppgåve om å publisere ein av turane som vi skal ha i løpet av året. Men skal prøve å skrive litt om alle turane å sjå om eg får det godkjend. Steike, dette blir bra :)