søndag 28. november 2010

Isredning\bading

Måndag 22. november var eg og klassa mi på Rotevatne I Volda. Her skulle vi lære om berging og korleis å komme seg opp att når du går gjennom isen.

Kjende på kroppen at eg var litt skeptisk til heile opplegget. Såg føre meg at det skulle bli ei ubehageleg oppleving. Vi var sikra med eit tau rundt livet og eit par taggar rundt halsen som vi skulle bruke til å slå fast i isen for å drage seg opp att på trygg is.

Eg var ein av dei siste som skulle "hoppe i det". Hadde sett på dei andre i klassa og såg at det gjekk ganske bra. Trudde at dette skulle gi meg ein trygghets følelse, men.........så var det min tur. Med tauet rundt liver gjekk eg mine modige skritt fram på isen. Eg måtte gå heilt til is-kanten, mot midten av Rotevatne for å finne tynn is. Då eg nærma meg. Måtte eg snu meg tilbake mot dei andre som såg på. Plutseleg følte eg meg heilt aleine. No var det kun eg. Mann mot natur. Kan ikkje seie at eg følte meg noko sikker i det heile tatt lenger. Mange tankar gjekk gjennom hovudet. For det meste om korleis eg skulle finne fram kles-skifte mitt raskast mulig. Så tok eg eit par skritt til og "brak" gjekk eg gjennom isen. Eg kjende henda vart kalde med ein gang. Noko som var utruleg kjipt. Sidan det er kun dei som kan dra meg opp att. Eg fikla etter taggane rundt halsen, fekk dei laus. Og slo dei fast ned i isen og fekk dratt meg opp. Var ganske enkelt å dra seg opp når eg hadde dei. Veit ikkje korleis det hadde våre uten dei. Er ikkje sikkert eg hadde klart å fått meg opp utan dei.

Så det eg lærte var at det er viktig å komme seg opp fortast mulig. Eg fraus ganske fort sjøl om eg hadde på meg bokse og flis genser. Og det er viktig å holde hovudet kaldt. Ikkje gjer noko dumt så eg hamner under vatn. Viktig å gjer rette avgjerslene for å komme seg opp att fortast muleg.