tirsdag 5. oktober 2010

Måndag 27\09 til fredag 01\10 var eg og klassa mi til Yksnøya. Dette var eit opplegg med hivolda som heite Fjord & Fjære. Vi gjor veldig mykje forskjellig på denne samlinga. Vi var jo der tross alt 5 daga. Så det skulle vel berre mangle at det vart gjort noko ;)

Dei største tema vi hadde var rigging av seglbåt, roing og navigering. Var veldig kjekt å ro. Og det var forresten sjukt fint vær! Heile veka! Gjor litt opp for den dårlige sommaren.

Vi fekk også rake krabbe på kveldstid. Når mørke hadde senka seg å kulda såtte inn ;) Vi fekk tak i 5 stk trur eg. Vi skulle gjerne ha funnet fleire. Men dei gøymde seg godt denne kvelden. Krabbene vart kokt i ei stor kasserolle på bålet.

Vi fann også mykje å ete i fjøra. Eg grilla albugeskjell på pinne. Men prøvde dei også rå. Hakuna matata. Vi kokte også strandsnigla (kokkelur). Prøvde også å ete steikt grisetang og rått eit eller anna som eg ikkje kjem på namne til :P var iallfalll tang av ein sort.

Høgskulen har to lavvoar ståande på øya, med vedomnar i. Så vi sov ganske godt. Vart ganske kaldt når den slokna ut på natta. I 0100 sikkert. Tippa det va minus eit par grader på det kaldaste. Men sola va oppe allereie kl.0800 så det var godt jobba av sola. «go sol» liksom (yeah'y).

Var ein fantastisk tur. Alle storkoste seg og var veldig glade for å vere til. Neste veke skal vi tilbake til Yksnøya. Liten sjans for at været blir like bra denne gongen også. Men med splitter ny seglbåt å greier så må det bare bli nok ein knall tur med friluftsliv anno hausten 2010 :)

For dykk som er kart entusiastar. Så kan eg freiste med eit kart som viser lokasjonen til Yksnøya >http://kart.gulesider.no/m/IUl7O< Ser forresten at der er teikna bru frå Bjerkneset over til Yksnøya. Den er absolutt ikkje eksisterande :P
Ein av robåtane. Enten ein trerøring eller ein Nordfjor robåt. Vi har begge typane
Her steike vi gristang. Nam nam

2 kommentarer:

  1. Brua over yksnøya er tunellen under sjøen uti øyane Oskar:-)))

    SvarSlett
  2. Åh, e d d? synst d va so rart at ho svingte under yksnøya. men d kan vel sikkert stemme d :P

    SvarSlett