lørdag 30. oktober 2010

Aleinetur på Hovdevatne

Tysdag 19\10 til torsdag 21\10 var eg på aleinetur på Hovdevatne i Ørsta kommune. Alle i klassen min skulle gjennomføre ein slik tur på min. 48 tima denne veka. Du kan kalle dette ein lav-terskel tur. Vi skulle unngå mest mulig risiko sida vi var aleine. Derfor skulle vi helst ikkje gå over skog grensa. Eg valte ein plass der eg føler meg trygg sida eg har våre der mange gonger før. Eg køyrde fram til Hovdevatne. Så bilen var ikkje langt unna om eg måtte søke ly.

Tysdag
Eg var framme ca. kl. 1300. Eg gjekk ned til vatne og la frå meg utstyret mitt. Så begynte eg å leite etter ved. Sida det var ganske vått så tenkte eg at eg kunne samle litt å legge på tørk ein plass. Etter det leita eg etter ein plass eg kunne ligge for natta. Eg hadde ikkje med meg telt eller presenning, så planen var å finne ein plass med god ly. Eg fann ein fin plass oppunder nokre graner. Her la eg ut liggjeunderlaget og soveposen min.

Så åt eg middag. Etter middag blei det nokså kaldt. Så da la eg meg i soveposen i ca. 2,5 tima. Det var koselig. Såg eit ekorn også mens eg låg der. Som hoppa i trea over meg. Det begynte faktisk å snø mens eg låg i soveposen. Sida sto eg opp, åt kveldsmat, gjekk meg ein tur, pussa tenne og la meg for natta.

Onsdag
Vakna med mykje snøv over alt. Snøen hadde nådd opp under trea der eg låg. Så det va heilt topp. Dagen vart brukte mykje på å gå tura over alt. Eg var litt våt og fraus så fort eg sto stille. Gjekk meg ein tur rundt Hovdevatne. Tur-laget i Ørsta hat laget det veldig fint med info-plakatar rundt omkring. Så du kan lære noko mens du går. Gjekk meg faktisk litt vill i heia. Var litt dumt sida turen vart plutselig på over to tima. Og etter en time begynte det å snø og eg hadde ein del ting ute på tørk i sola. Bl.a. Soveposen min. Men det gjekk bra på ein måte.

Torsdag
Gjor eigentlig ingen ting. Var igrunnen mest intereesert i å komme meg heimatt. Pakka ihop leiren og gjekk opp til bilen. Den var snødd vekk. Så eg måtte måke av mykje snø. Men største problemet var å komme seg der ifrå. Eg hadde sommardekk og der var rimelig mykje snø på vegen. Kom meg faktisk ikkje der i frå. Så eg måtte ringe etter hjelp. Kom ein kar med same etternamn som meg og hjelpte meg vekk derfrå. Det var ganske hyggelig av han.

Kva eg lærte på turen:
-Skift til vinterdekk før turen når du veit at det kjem snøv.
-Man kan bli vanvittig einsam på aleinetur.
-Banos er ikkje eit godt pålegg på brød.
-Snø bryr seg lite om tyngdekraft. (då det snødde under trea).

Nokre ta bileta av turen:


Soveplassen min. Vart på dag nr.2 oppgradert med presenning.

Teer fyrste dagen. Mykje snø som hadde lurt seg inn ila. natta.


Trea eg låg under.
Synst det var kult måten greinane hadde vakse ut igjen på.

Landskap nr.1


Ein av infoplakatane i tur løypa.

Landskap nr.2

Landskap nr.3

1 kommentar:

  1. Do this hack to drop 2lb of fat in 8 hours

    Well over 160000 women and men are hacking their diet with a easy and secret "water hack" to burn 2lbs each and every night in their sleep.

    It is painless and it works all the time.

    Here's how to do it yourself:

    1) Grab a glass and fill it with water half the way

    2) Now follow this weight losing HACK

    so you'll become 2lbs skinnier the very next day!

    SvarSlett