lørdag 30. oktober 2010

Aleinetur på Hovdevatne

Tysdag 19\10 til torsdag 21\10 var eg på aleinetur på Hovdevatne i Ørsta kommune. Alle i klassen min skulle gjennomføre ein slik tur på min. 48 tima denne veka. Du kan kalle dette ein lav-terskel tur. Vi skulle unngå mest mulig risiko sida vi var aleine. Derfor skulle vi helst ikkje gå over skog grensa. Eg valte ein plass der eg føler meg trygg sida eg har våre der mange gonger før. Eg køyrde fram til Hovdevatne. Så bilen var ikkje langt unna om eg måtte søke ly.

Tysdag
Eg var framme ca. kl. 1300. Eg gjekk ned til vatne og la frå meg utstyret mitt. Så begynte eg å leite etter ved. Sida det var ganske vått så tenkte eg at eg kunne samle litt å legge på tørk ein plass. Etter det leita eg etter ein plass eg kunne ligge for natta. Eg hadde ikkje med meg telt eller presenning, så planen var å finne ein plass med god ly. Eg fann ein fin plass oppunder nokre graner. Her la eg ut liggjeunderlaget og soveposen min.

Så åt eg middag. Etter middag blei det nokså kaldt. Så da la eg meg i soveposen i ca. 2,5 tima. Det var koselig. Såg eit ekorn også mens eg låg der. Som hoppa i trea over meg. Det begynte faktisk å snø mens eg låg i soveposen. Sida sto eg opp, åt kveldsmat, gjekk meg ein tur, pussa tenne og la meg for natta.

Onsdag
Vakna med mykje snøv over alt. Snøen hadde nådd opp under trea der eg låg. Så det va heilt topp. Dagen vart brukte mykje på å gå tura over alt. Eg var litt våt og fraus så fort eg sto stille. Gjekk meg ein tur rundt Hovdevatne. Tur-laget i Ørsta hat laget det veldig fint med info-plakatar rundt omkring. Så du kan lære noko mens du går. Gjekk meg faktisk litt vill i heia. Var litt dumt sida turen vart plutselig på over to tima. Og etter en time begynte det å snø og eg hadde ein del ting ute på tørk i sola. Bl.a. Soveposen min. Men det gjekk bra på ein måte.

Torsdag
Gjor eigentlig ingen ting. Var igrunnen mest intereesert i å komme meg heimatt. Pakka ihop leiren og gjekk opp til bilen. Den var snødd vekk. Så eg måtte måke av mykje snø. Men største problemet var å komme seg der ifrå. Eg hadde sommardekk og der var rimelig mykje snø på vegen. Kom meg faktisk ikkje der i frå. Så eg måtte ringe etter hjelp. Kom ein kar med same etternamn som meg og hjelpte meg vekk derfrå. Det var ganske hyggelig av han.

Kva eg lærte på turen:
-Skift til vinterdekk før turen når du veit at det kjem snøv.
-Man kan bli vanvittig einsam på aleinetur.
-Banos er ikkje eit godt pålegg på brød.
-Snø bryr seg lite om tyngdekraft. (då det snødde under trea).

Nokre ta bileta av turen:


Soveplassen min. Vart på dag nr.2 oppgradert med presenning.

Teer fyrste dagen. Mykje snø som hadde lurt seg inn ila. natta.


Trea eg låg under.
Synst det var kult måten greinane hadde vakse ut igjen på.

Landskap nr.1


Ein av infoplakatane i tur løypa.

Landskap nr.2

Landskap nr.3

søndag 10. oktober 2010

Adopt A Tree

Tenkte eg skulle skrive om noko som ikkje har med friluftsliv å gjere.
Då eg var i Brasil hausten 2008. Var eg og skulen på tur til ein Dannemann cigar fabrikk. Denne fabrikken hadde meir produksjon før. Men nå var den mest meint som sightseeing. Bortsett frå å lage cigarar har Dannemann også eit prosjekt på gong med å gjenoppbyggje ein del av regnskogen i Mata Fina, Bahia – Brasil. Prosjektet heiter «Adopt a tree» Eg var så heldig at eg fekk sponse dette prosjekt ved å vise mi støtte. Og heilt sida eg skreiv meg på som supportar for ca. 2 år sida, har Dannemann sendt oppdatering i posten med gjevne mellomrom. Sist var for 2 veke sida. Og denne gongen så hadde dei skreve ei lita historie, som handla om å bry seg om miljøet rundt seg. Synst den var så fine at eg skulle dele den med deg:

The Starfish Story
adapted from The Star Thrower
by Loren Eiseley (1907 - 1977)
Once upon a time, there was a wise man who used to go to the ocean to do his writing. He had a habit of walking on the beach before he began his work.

One day, as he was walking along the shore, he looked down the beach and saw a human figure moving like a dancer. He smiled to himself at the thought of someone who would dance to the day, and so, he walked faster to catch up.

As he got closer, he noticed that the figure was that of a young man, and that what he was doing was not dancing at all. The young man was reaching down to the shore, picking up small objects, and throwing them into the ocean.

He came closer still and called out "Good morning! May I ask what it is that you are doing?"

The young man paused, looked up, and replied "Throwing starfish into the ocean."

"I must ask, then, why are you throwing starfish into the ocean?" asked the somewhat startled wise man.

To this, the young man replied, "The sun is up and the tide is going out. If I don't throw them in, they'll die."

Upon hearing this, the wise man commented, "But, young man, do you not realize that there are miles and miles of beach and there are starfish all along every mile? You can't possibly make a difference!"

At this, the young man bent down, picked up yet another starfish, and threw it into the ocean. As it met the water, he said, "It made a difference for that one."

Og mens eg var i mitt filosofiske hjørne og hadde mine ellers så absurde ideologiar. Så har eg funnet ei anna god historie. Som heite «Life Is Like A Cup of Coffee». Denne kan du også få gleda av å lese med bilete og musikk til: http://www.youtube.com/watch?v=U3NgzQ9Pcsg you won't regret it! ^^


El Yunque Rainforest Video
Kjelde\source: http://www.map-puerto-rico.com/videos.html

tirsdag 5. oktober 2010

Måndag 27\09 til fredag 01\10 var eg og klassa mi til Yksnøya. Dette var eit opplegg med hivolda som heite Fjord & Fjære. Vi gjor veldig mykje forskjellig på denne samlinga. Vi var jo der tross alt 5 daga. Så det skulle vel berre mangle at det vart gjort noko ;)

Dei største tema vi hadde var rigging av seglbåt, roing og navigering. Var veldig kjekt å ro. Og det var forresten sjukt fint vær! Heile veka! Gjor litt opp for den dårlige sommaren.

Vi fekk også rake krabbe på kveldstid. Når mørke hadde senka seg å kulda såtte inn ;) Vi fekk tak i 5 stk trur eg. Vi skulle gjerne ha funnet fleire. Men dei gøymde seg godt denne kvelden. Krabbene vart kokt i ei stor kasserolle på bålet.

Vi fann også mykje å ete i fjøra. Eg grilla albugeskjell på pinne. Men prøvde dei også rå. Hakuna matata. Vi kokte også strandsnigla (kokkelur). Prøvde også å ete steikt grisetang og rått eit eller anna som eg ikkje kjem på namne til :P var iallfalll tang av ein sort.

Høgskulen har to lavvoar ståande på øya, med vedomnar i. Så vi sov ganske godt. Vart ganske kaldt når den slokna ut på natta. I 0100 sikkert. Tippa det va minus eit par grader på det kaldaste. Men sola va oppe allereie kl.0800 så det var godt jobba av sola. «go sol» liksom (yeah'y).

Var ein fantastisk tur. Alle storkoste seg og var veldig glade for å vere til. Neste veke skal vi tilbake til Yksnøya. Liten sjans for at været blir like bra denne gongen også. Men med splitter ny seglbåt å greier så må det bare bli nok ein knall tur med friluftsliv anno hausten 2010 :)

For dykk som er kart entusiastar. Så kan eg freiste med eit kart som viser lokasjonen til Yksnøya >http://kart.gulesider.no/m/IUl7O< Ser forresten at der er teikna bru frå Bjerkneset over til Yksnøya. Den er absolutt ikkje eksisterande :P
Ein av robåtane. Enten ein trerøring eller ein Nordfjor robåt. Vi har begge typane
Her steike vi gristang. Nam nam